Skoleskogen

Oppgaver

Søk etter oppgaver tilpasset klassetrinn, årstid eller tema!

Nyhetsbrev

Abonner på nyhetsbrev: e-postadresse:

Lemmen



Foto: AHA2 wikimedia commoms


Lemenet er eit unikt dyr på fleire måtar. Det er det einaste pattedyret som har si hovedutbreiing i Noreg. Det er utbreidd på heile Nordkalotten og i Sør-norske fjellområder. Smågnagaren har ei fargerik drakt og eit hissig temperamentet. Saman med massemønstring og vandringar, gjer dette lemenet til eit viktig og heilt spesielt innslag i fjellnaturen vår. Dei største konsentrasjonane av dyr finn ein gjerne der dei støyter på stengsler ­ som for eksempel på odder der elver møtast.

Store ringverknader. I lemenår skjer det også gjerne ein auke i bestanden av andre smågnagarar, f eks mus. På den måten vert det mykje mat til rovfuglar og ugler. Samtundes vil mange andre fugleartar bli mindre jaga av rovfuglane. Dei vil da ha større sjanser til sjølve å overleve og få mange ungar.

Vinteren er viktig for overlevinga. Om sommaren beiter lemenet i fuktige områder langs myrer og vassdrag. Utpå hausten oppsøker det tørre, planterike stader. Her overvintrar det. I plantesjiktet blir det danna eit luftrom mellom bakken og snøen. Luftrommet held en temperatur på 0-2 grader. Vintre med stabilt vær utan mildværsperioder er av betydning. Dette er ein medverkande årsak til stor auke av lemen.

Enkelte år blir det mange lemen over heile landet samtidig. Andre år tek oppgangen til sør i landet og forplantar seg gradvis nordover.

Per Jordhøy, Norsk Institutt for naturforskning

 

Tilbake